Sissel Grindheim
Kunstnar og visuell formidlar
Eg arbeider i eit spenn mellom digitale og analoge uttrykk. Gjennom kunsten min utforskar eg korleis motiv kan utvikle seg frå digital teikning på skjerm til vidare bearbeiding i fysiske material på lerret. Trykk på knappen under for å sjå eit utval av verka mine.
Om Meg
Kunst for meg handlar om å utforske stemningar, material og visuelle forteljingar. Eg arbeider i eit spenn mellom digitale og analoge uttrykk, der motiv ofte utviklar seg frå digital teikning på skjerm til vidare bearbeiding for hand på lerret. Gjennom arbeidet mitt undersøker eg korleis tekstur, fargar og figurative motiv kan skape rom for refleksjon, nærvær og tolking.
Bestillingsverk
Eg tek gjerne imot bestillingar, både innan kunst og illustrasjon. Har du eit prosjekt eller ein idé du ønskjer å utvikle, kan du lese meir om dei ulike moglegheitene under.
Eg tek imot bestillingar på kunstverk der eg utviklar motiv inspirert av personar, stemningar eller forteljingar. Verka blir ikkje direkte portrett, men tolkingar der eg arbeider vidare med motivet i mitt eige visuelle språk. Kvart verk blir utvikla i dialog med kunden og skapt spesielt for prosjektet.
Eg arbeider også med illustrasjonsoppdrag for bøker, magasin, artiklar og andre visuelle prosjekt. Illustrasjonane kan utviklast digitalt eller i kombinasjon med analoge teknikkar, avhengig av uttrykket prosjektet krev. Eg tek gjerne imot oppdrag frå forlag, redaksjonar og andre som treng visuell formidling.
Kontakt
Har du spørsmål om eit verk, ei bestilling eller ønskjer du meir informasjon? Send gjerne ei melding gjennom skjemaet under, så svarar eg så snart eg kan. Du kan også gjerne sende meg ei melding på Instagram for endo raskare svar.
Takk for at du tok kontakt!Eg svarar deg så snart eg kan.
Følg arbeidet mitt
Vil du sjå nye verk, prosessar og kva eg arbeider med for tida? På sosiale medium deler eg små glimt frå atelieret, nye prosjekt og arbeid undervegs.