Bestillingsverk
Eg tek imot eit avgrensa tal bestillingsverk i løpet av året.
Verka blir utvikla i dialog med kunden, men blir alltid utførte i mi kunstnarlege stil. Resultatet er eit originalt kunstverk inspirert av historier, minner eller menneske som betyr noko spesielt.
Eksempel
Over ser du eit eksempel på eit bestillingsverk under utvikling. I dette oppdraget ønskte kunden eit bilete inspirert av forholdet mellom to søsken ute i naturen. Motivet utforskar eit stille augeblikk av nysgjerrigheit og oppdaging, der jentene rettar merksemda mot ein fugl som lettar frå bakken.
Når eg arbeider med bestillingsverk, tek eg utgangspunkt i det kunden fortel, stemningar, minner og opplevingar som kan vere utgangspunkt for motivet. Desse elementa blir så tolka og vidareutvikla gjennom mitt eige kunstnarlege uttrykk.
I dette tilfellet fortalde kunden mellom anna at jentene trivst godt ute i naturen, at dei liker å sjå etter fuglar, og at storesøster gjerne viser verda til veslesøster. Desse forteljingane vart ei viktig inspirasjonskjelde i arbeidet med motivet.
Merk: Dette verket er framleis i skissefasen og er ikkje eit ferdig arbeid.
Korleis fungerer prosessen?
Når du tek kontakt, startar vi med ein kort dialog om idéen din. Du kan gjerne dele tankar, minner eller stemningar du ønskjer at verket skal ta utgangspunkt i. Det kan også vere nyttig å dele bilete eller referansar som seier noko om situasjonen eller personane som inspirerer motivet.
Ut frå dette utviklar eg eit motiv som blir vidare arbeidd fram gjennom skisser og komposisjon før det ferdige verket tek form.
Bestillingsverka mine er ikkje direkte portrett. I staden arbeider eg med kunstnarlege tolkingar der personar, relasjonar eller opplevingar kan vere ei inspirasjonskjelde for motivet.
Når vi har blitt einige om oppdraget, blir det betalt eit depositum før arbeidet med skissene startar.
Bestillingsverka blir alltid utvikla som sjølvstendige kunstverk i mitt eige kunstnarlege uttrykk.
Pris
Prisen på eit bestillingsverk varierer etter storleik, motiv og kompleksitet.
Mindre verk startar frå ca. 2500 kr, medan større verk eller motiv med fleire element vil ha høgare pris.
Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande prisoverslag.