Illustrasjon
Illustrasjonane mine utviklar seg i eit spenn mellom digitale og analoge teknikkar, der eg arbeider med stemning, tekstur og visuell forteljing. Eg tek gjerne imot illustrasjonsoppdrag for bøker, magasin, artiklar og andre visuelle prosjekt.
Studentarbeid
Desse illustrasjonane er utvikla som del av studiearbeid i design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda.
Gjennom ulike prosjekt utforska eg karakter, stemning og visuell forteljing i illustrasjon.
Gjennom ulike prosjekt utforska eg karakter, stemning og visuell forteljing i illustrasjon.
Gubbe på stubbe - 2025
Under vann - 2025
Besta på eventyr - 2025
Kattløp - 2025
Over ser du illustrasjonar utvikla gjennom bachelorprosjektet mitt, der eg utforska korleis visuelle verkemiddel kan brukast til å skape dynamikk og rørsle i illustrasjon.
Ønskjer du å lese meir om prosjektet?
Ønskjer du å lese meir om prosjektet?
Studentarbeid 2024
Redesign av bokomslag utvikla som del av ei eksamensoppgåve i visuell kommunikasjon i 2023.
Prosjektet utforska korleis illustrasjon, typografi og komposisjon kan skape eit nytt visuelt uttrykk for ei klassisk forteljing.
Prosjektet utforska korleis illustrasjon, typografi og komposisjon kan skape eit nytt visuelt uttrykk for ei klassisk forteljing.
Erfaring og tidligere arbeid
Barneside - Grannar
I 2020 utførte eg illustrasjonsoppdrag for avisa Grannar, der eg illustrerte sommarsida for barn. Arbeidet bestod av illustrasjonar utvikla for trykk i avis og tilpassa eit yngre publikum.
Artikkel illustrasjon - Grannar
Illustrasjon utvikla til ein redaksjonell artikkel i avisa Grannar. Motivet vart laga for trykk i avis og skulle formidle stemning og eit hendlingsforløp i teksten. Illustrasjonen er utført i akvarell, ein teknikk eg arbeidde mykje med i ein tidlegare fase av illustrasjonsarbeidet mitt.
Eg er open for illustrasjonsoppdrag,
Eg tek gjerne imot illustrasjonsoppdrag til bøker, magasin, artiklar og andre visuelle prosjekt. Eg er spesielt oppteken av illustrasjonar som formidlar ei stemning eller ei forteljing – bilete som kan løfte og utdjupe historia i teksten. Har du eit prosjekt du ønskjer å diskutere, eller berre ein idé du er nysgjerrig på om kan fungere som illustrasjon? Ta gjerne kontakt.
takk!