Avgangsutstilling - Kunstskolen i Stavanger

20. mai – 12. juni 2022 Kunstskolen i Stavanger • Ølhallene på TOU. I avgangsprosjektet mitt ved Kunstskolen i Stavanger utforska eg forholdet mellom menneske, dyr og natur gjennom figurative og surrealistiske måleri. Arbeidet tok utgangspunkt i friluftsliv, tilknyting til landskap, og korleis naturen både formar oss og forandrar seg rundt oss. Prosjektet kombinerte min interesse for klima, naturglede og kroppsnær erfaring med eit sterkt visuelt uttrykk prega av både rørsle og stemning.


Eg pakkar sekken, tar med meg kamera og spenner skia. Omringa av fjell, snø og frisk luft befinn eg meg der vi som friluftlivsmenneske trivst best. Ved å ferdast fritt gjennom dei norske fjellandskapa oppstår det ein relasjon mellom menneske, dyr og natur. Men kva skjer når denne relasjonen byrjar å svikta, når miljøet endrar seg og både snøen og isbreane smeltar? 
I dette prosjektet tar eg føre meg ein tematikk om korleis tilhøvet vårt til naturen endrar seg saman med miljøet. Gjennom maleri gjenskapar eg opplevingar frå friluftslivet. Eg avbildar surrealistiske møte mellom dyr og menneske for å framstilla eit fellesskap og ein konflikt. Det å kunne kombinera min lidenskap for friluftsliv med kunst, har blitt ei viktig og sentral rolle i mitt kunstnarskap
Back to Top